Hopp til hovedinnhold
Alle ansatte i Accountor Voss

Regnskapsførar på Voss

Ser du etter ein rekneskapsførar på Voss og i omland? Hos Accountor har me kundar innan dei fleste bransjar, og hjelper dei med rekneskap, løn og rådgiving. Ved å overlata rekneskapen til oss kan du fokusera på å driva verksemda di, medan me tek oss av dei økonomiske oppgåvene. Vi er 100 % lokaleigde, med tilgang til ressursar og kompetanse frå meir enn 3100 kollegaer i seks land.

Du finn oss sentralt i Voss sentrum.

Tripletex-sertifisert-partner

Totalleverandør av rekneskaps- og rådgivingstenester

Accountor Voss tilbyr trygge og framtidsretta løysingar innan rekneskap og økonomi, slik at du kan fokusera på kjerneverksemda di. Vi veit kor viktig det er å ha ein påliteleg rekneskapsførar og økonomisk rådgivar, og vi jobbar målretta for å vera nettopp det for deg.

Accountor er ein totalleverandør av rekneskaps- og rådgivingstenester, mellom anna fakturering, rapportering, lønshandtering, personaloppfølging, sjukepengehandtering og reiserekningar. I tillegg har vi eigne spesialistar innan inkasso og økonomisk rådgiving.

Les meir om våre tenester her

Hos oss finn du moderne teknologi og beste praksis i bransjen, noko som gjer at vi kan tilby effektive og digitale løysingar for alle typar rekneskapsbehov. Vi legg stor vekt på å byggja langsiktige relasjonar med kundane våre og er alltid tilgjengelege for spørsmål og rådgiving.

Målet vårt er å bidra til at du og verksemda di lukkast og veks. La oss vera din strategiske samarbeidspartnar.

 

Du finner oss her: 

E-post: [email protected]

Telefon: 56 53 04 00

Vangsgata 29, 5700 Vossevangen

Skreddarsydd for suksessen din

Vi veit at kvar bedrift er unik. Difor tilbyr vi skreddarsydde tenester innan rekneskap, løn og økonomisk rådgiving. Våre rekneskapsførarar og økonomiske rådgivarar hjelper deg med strategisk planlegging, kostnadskontroll og investeringsvurderingar – tilpassa dine behov og mål.

Med lokal ekspertise og effektive arbeidsprosessar leverer vi alltid til avtalt tid. Tydlege kommunikasjonslinjer gjer samarbeidet enklare og bidreg til å byggja tillit mellom oss og kundane våre. Vi er opptekne av å halda det vi lovar – kvar einaste gong.

Vel Accountor Voss for pålitelege rekneskapsførarar og økonomiske tenester som hjelper verksemda di å lykkast og veksa.

Husken på toppen av voss, jente som husker

Kva seier kundane våre om oss:

Kontakt meg for eit uforpliktande tilbod

Regnskapsfører kontakt

Kontakt Accountor Voss

 

3 kjappe spørsmål

Kva gjer ein rekneskapsførar?

Ein rekneskapsførar handterer bokføring, fakturering, lønnshandtering og årsrekneskap for bedrifter. Rekneskapsføraren sikrar nøyaktig rapportering av økonomiske transaksjonar og overhalding av lover og forskrifter.

I tillegg tilbyr dei økonomisk rådgiving, som budsjettering og kostnadskontroll, for å hjelpa bedrifter med å oppnå økonomisk vekst og stabilitet. Ved å bruka ein rekneskapsførar kan bedrifter fokusera på kjerneverksemda si, vel vitande om at økonomien er i trygge hender.

Kva er forskjellen på ein statsautorisert rekneskapsførar og revisor?

Ein statsautorisert rekneskapsførar fører rekneskap, handterer lønn og gir økonomisk rådgiving til bedrifter. Dei sørgjer for at alle økonomiske transaksjonar blir korrekt dokumenterte og rapporterte.

Ein revisor derimot, kontrollerer og stadfestar at årsrekneskapen og annan finansiell informasjon er korrekt og følgjer gjeldande lover og reglar.

Ein annan stor forskjell mellom revisor og rekneskapsførar er at “rekneskapsførar” ikkje er ein beskytta tittel, medan “revisor” er det. Men “autorisert rekneskapsførar” er ein beskytta tittel som krev spesifikk utdanning og erfaring, er “rekneskapsførar” ein generell tittel utan slike krav.

Må alle bedrifter ha rekneskapsførar?

Nei. Ikkje alle bedrifter er pålagde å ha ein rekneskapsførar, men alle har bokføringsplikt. Dette betyr at bedrifter må dokumentera alle økonomiske transaksjonar korrekt. Mindre bedrifter kan føra rekneskapen sjølv, men mange vel å bruka ein rekneskapsførar for å sikra nøyaktigheit og overhalding av lover og reglar.

Share